Sjekk møteplan - kom gjerne med innspel

Voss senioruniversitet

- ein møteplass for tanke og trivnad!

Kva er Voss senioruniversitet?

Voss senioruniversitet er ein ideell organisasjon som samlar interesserte seniorar til foredrag og samtale om eit fagleg tema. Emna er henta frå universitet, høgskule og samfunnsliv.

Møta er opne for alle. Dei som ønskjer medlemskap, betaler ein kontingent kvart halvår og kjem så gratis inn på møta.

Andre er og hjarteleg velkomne og betaler då for kvart møte på bankterminal eller Vipps (536809).

Opplegget inneber eit foredrag, ei kaffi-/pratestund og høve til spørsmål og drøfting.

For vårhalvåret 2024 er kontingenten kr 600.

Dei som ikkje er medlemer betaler kr 150 for kvart møte.

Kaffi/te og eit stykke wienerbrød er inkludert.

Foredraga blir støtta av Folkeakademiet Voss.