Voss senioruniversitet 

Vedtekter for Voss senioruniversitet

§1 Føremål

Voss senioruniversitet er ein ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap, som gjennom foredrag, kurs og gruppeverksemd vil presentera utvalde fag og emne, utan sikte på å oppnå formell kompetanse.

§2 Medlemskap

Medlemskap er ope for alle som betalar semesteravgift, fastsett av årsmøtet. Semesteravgifta gjev tilgang til alle foredrag i semesteret.

§3 Styret

Styret leiar Voss senioruniversitet mellom årsmøta.

Styret har leiar og 8 styremedlemmer.

Styreleiar vert vald ved særskilt val for eitt år om gongen.

Styremedlemmene vert valde for 2 år om gongen , men slik at 4 er på val kvart år.

Leiar og styremedlemmer kan ikkje sitja meir enn 6 år samanhengande.

Uavhengig av samla funksjonstid på 6 år, kan styremedlem som vert vald til leiar ha samla funksjonstid på 8 år.

Styret vel sjølv nestleiar, sekretær og kasserar.

Det vert ført styrereferat.

Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst 4 medlemmer er til stades.

Voss senioruniversitet er bunde av underskrifta til leiar og/eller den som styret gjev slikt mynde.

§4 Årsmøtet

Årsmøtet er Voss senioruniversitet sitt øvste organ.

Det skal haldast årsmøte kvart år innan utgangen av februar. Innkallinga til årsmøtet skal gjerast kjent ved særskilt innkalling minst 3 veker før årsmøtet. Dagsorden og sakspapir skal vera tilgjengeleg for medlemene seinast 1 veke før årsmøtet.

Årsmøtet skal handsama årsmelding og revidert rekneskap for føregåande år, vedta semesteravgift og budsjett og foreta val av styremedlemmer, revisor og valnemnd på 2 medlemer. Styret gjer framlegg om valnemnd. Årsmøtet skal også handsama andre saker som styret legg fram. Kjem det fleire framlegg i same sak, skal det røystast skriftleg. Ved likt stemmetal avgjer ein saka ved loddtrekning. Medlemer som vil ha saker handsama av årsmøtet, må fremja desse for styret innan 2 veker før årsmøtet.

Ekstraordinært årsmøte kan haldast dersom styret krev det, eller når minst 10% av medlemene skriftleg krev det. Ekstraordinært årsmøte vert gjort kjent på same måte som ordinært årsmøte.

§5 Vedtektsendringar

Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte medlemene.

§6 Oppløysing

På ordinært eller ekstraordinært årsmøte kan det med 2/3 fleirtal vedtakast at Voss senioruniversitet skal oppløysast. På same møtet vert det teke avgjerd om korleis eventuelle midlar skal disponerast.


Vedtatt i stiftingsmøte 24.01.2006

Einskilde endringar i årsmøte 30.01.2008.

Revidert på årsmøte 28.04.2021.